23/10/2023
130 ÅRS JUBILEUMSFEST/BASAR FOR SÆTRE BEDEHUS.
Laurdag 22. oktober kl 16.00 var det jubileumsfest for Sætre Bedehus.
Det var ein fin haustdag med lettskya og sol, og forholdsvis mildt etter årstida. Det strøymde på med folk, så huset vart ettkvart fullt av folk
både i salen og på galleriet. Formann i styret, Andrè Sætre ynskte velkomen og leia festen. Vi byrja med å synge den fine songen av Anders Vassbotn: Å leva det er å elska -. Erlend Koppen spela piano til.
Så var vi så heldige at songkoret "Fjordafolk" kom frå Folkestad, og dei song mange fine songar under leiing av Erlend Koppen:
Jeg synger meg en blå blå salme-. "Blå kveld" av Arvid Hansen og
"Kjærleikens tid".
Andrè Sætre hadde eit kort tilbkablikk på historia til Sætre Bedehus.
Bedehuset har vore mykje brukt til samlingar om Guds Ord for både store og små i dei 130 åra det har vore i bruk. Elles også til åremålsdagar, gravferder og dåpsselskap.
Fjordafolk var frampå att og song: Can you feel the love tho night?
"He is my lord" av Jon Lotterud.
Så var det åresal og loddtrekning, og mange var heldige vinnarar.
Det var også laga til mat og nytrekt kaffi. Det var mange fat med nydelege smørbrød, og mange runde kaker. Det var også ei fin stor marsipankake med påskrift: Sætre Bedehus 130 år.
Folk kosa seg og praten gjekk livleg rundt borda.
Etterpå held Runhild Aksnes ei fin andakt, og den var lett å forstå også for borna. Ho tok fram kvledssongar, og kveldsbøner som var vanlege i heimane når det var leggetid for borna.
Ho sette fokus på at det er fleire element som går att i desse kvledssongane og bønene. Det er takk til Gud, og så bøn om beskyttelse for liten og stor.
Det er også i desse songane også fokus på himlen som eit slott, eller ein flott stad der det er mykje rom, plass til enormt mange.
Runhild peika også på kor ofte englar er nemde i desse kveldssongane, englar som er utsende frå Gud og beskyttar. Ho hadde også med seg mange pynte-englar som ho hadde i ei korg og tok opp. I Bibelen så er det skrive om englar meir enn 150 gongar, og fleire er nemde med namn: Engelen Gabriel, erkeengelen Mikael, og serafar er også nemde. Vi les også om ein hærskare av englar som song ved Betlehemsmarka. Ein engel stod i løvehola med Daniel, og om englar som kjem med beskjedar frå Gud til folk. Ho fortalde også ei konkret hending i deira kvardag som tyda på at det var ein engel som beskytta dei ved ei trafikkulykke.Runhild tok også fram at den viktigaste personen i Bibelen er Jesus, frelsaren vår.
Så hadde vi ny runde med åresal, og saman med åretrekninga var det også trekking av loddboka. Der var også mange flotte gevinstar som vart trekte ut til vinnarar både frå bygda og langt utanfor også.
Andrè Sætre fekk også overrekt blomar og takk for si lange teneste i styret for bedehuset. Han har nettopp flytta frå bygda, og går ut av styret.
Vi er takknemlege for alle som kom, og som støttar bedehuset økonomisk. Det er mykje vedlikehald på eit bedehus, og det kostar
å halde huset i god stand. Og ein må gje ros til folket i Lauvstadbygda
for at dei har halde godt vedlike bedehuset i 130 år.
Hjarteleg takk til alle som laga til festen og stod på kjøkkenet og styrte på med mange ting. Takk til alle som kom med mat og gevinstar også!
Så bed vi om Herrens velsignelse over arbeidet på bedehuset framover.
Referent: Andrè Sætre.