24/10/2025
I dag og i morgon feirar Sand Møbelsenter 50 års jubileum🎉🎉Tenk å vera i 50 år i vare-og detaljhandelen er ein bragd i seg sjølve.
Med endringar i den digitale verda, stor konkurranse frå større kjeder, fokus på kvantitet istadenfor kvalitet og mindre avanse til fysiske butikkar blir ofte ein enkeltståande butikk i distrikta taparar i marknaden.
Difor er det ekstra stas at Sand Møbelsenter feirar stort i helga!
Me gratulerar eigarar, driverar og tilsette med jubileet! Utan dykkars satsing på fysisk butikk, god kunnskapsrik og serviceinnstilt personal hadde ein kanskje vore historie i dag!
Takk til alle lokalt, regionalt,hyttefolk og offentligheita🥳
Velkommen innom og få gode tilbod i dag og i morgon! Stor kake vil bli servert på laurdag!
Handelstanden på Sand vil feira med Sand Møbelsenter og saman har me HANDLA LOKALT DAG på Sand på laurdag🎉🎉🎉
GRATULERAR🎉🎉Lykke til vidare🥳
Suldalsposten
Underbakke
Sverre Underbakke
Suldal kommune