16/12/2025
Takk for støtta til Bømlo Teater!
Me vil takke kommunestyret for at de har løyvd 300.000 kroner i driftsstøtte for 2026. Denne støtta er avgjerande for at me kan halde fram med å skape store teateropplevingar for publikum.
Me er klar over kommunen sin økonomiske situasjon, og støtta er i løpet av dei siste åra redusert frå kr. 525.000 til dagens nivå. Likevel er kommunal støtte heilt nødvendig for å sikre drift og berekraft i teateret.
For dei som ikkje kjenner kulturlivet på Bømlo, kan det verke som om Bømlo Teater og Moster Amfi er ein og same aktør. Men Bømlo Teater er produsenten og leigetakaren som skaper stormusikalar og Mostraspelet, medan Moster Amfi AS eig og driftar arenaen. Merkevara - Mostraspelet og musikalar i Moster Amfi - har vakse sidan urpremieren på Mostraspelet i 1984. Arenaen har sidan blitt utbygd i fleire etappar frå kalkgruve med benkjer til slik senteret framstår i dag. Det har vore ulike driftsmodellar gjennom tidene. Når me no ser at mest halvparten av politikarane vil kutte all støtte til teateret for å styrke tilskotet til Moster Amfi AS, må me presisere skilnaden. Me heiar sjølvsagt på det politiske vedtaket om å søkje Moster Amfi inn på statsbudsjettet - det er arenaen verdig!
• Bømlo Teater er ein frivillig organisasjon som produserer Mostraspelet og musikalar som ein leigetakar i Moster Amfi. På same vis som me produserer mindre oppsetjingar i td Bømlo kulturhus, Festiviteten og Tysværtunet.
• Moster Amfi AS er eit offentleg eigd selskap, eigd av Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune, som driftar utandørsarena i tillegg til blant anna formidling i utstillingar, eventar og kafe.
Me samarbeider, men har ulike mandat og økonomiske rammer - og ingen felles økonomi. Dersom ein ikkje skil mellom desse rollene, kan det føre til løysingar som svekkar begge organisasjonane og set kulturarven i fare.
Kvifor er dette viktig?
• Bømlo Teater er ein frivillig organisasjon med mål om å styrke Bømlo som senter for scenekunst - med kvalitet, breidde og engasjement.
• Store produksjonar som Mostraspelet og musikalar i Moster Amfi krev lang planlegging og høg økonomisk risiko. Ein musikal har i 2025 ein omsetning på ca. 7 millionar, der 70 % er billettinntekter - ei svært usikker kjelde.
• Me tek risikoen sjølv. Etter underskotet på 1,8 mill. i 2023 har me nedskalert administrasjonen og auka dugnadsinnsatsen. Med eit overskotet i 2024 går drifta mot underskot, sjølv om produksjonane gjekk bra, i 2025. Det viser kor sårbar økonomien er.
Dugnaden er vår styrke
Bak kvar framsyning ligg tusenvis av dugnadstimar - frå scenerigg til vertskap og billettkontor. Administrasjonen består av 1,4 lønna stillingar fordelt på seks personar. Resten er frivillig innsats. Utan kommunal støtte kan me ikkje levere dei store produksjonane som har gjort Bømlo og kulturarven vår kjent.
Kva får kommunen igjen?
• Positiv omtale i og omdøme i nasjonale og regionale media samt på folkemunne.
• Styrka omdøme som kulturkommune og attraktiv stad å bu.
• Inntekt til Moster Amfi AS. Berre i 2025 har Bømlo Teater betalt kr. 720.000,- til Moster Amfi i billettavgift og husleige
• Meirinntekter til lokalt næringsliv ift overnatting, sal av varer og tenester og oppdrag til kulturaktørar.
• Styrke vår kulturarv som har gitt kongebesøk, to riksjubileum og internasjonal merksemd.
Me tek med glede denne delen av kulturarven vår vidare - så lenge me har politikarar som ser verdien av arbeidet vårt. Tusen takk til AP, Høgre, SV og KrF for støtta!
Styre og stab i Bømlo Teater
📸 Peter Tubaas / Vestland Media