04/11/2026
EIN DRAUM BLIR TIL VERKELEGHEIT🌟
Me har vist dykk litt av reisa før, men no har me gleda av å dele ein utvida filmsnutt av korleis den nye NOTHENGJO vår vart til🪵🔨
I denne filmen får dykk bli med på heile prosessen – heilt frå dei fyrste, store materialdimensjonane vart frakta ut, til grindverket reiste seg. Du får sjå arbeidarane i sving, trufaste Rufus som følgde med på alt som skjedde, og til slutt det ferdige bygget, dekt til og klart til fest🐾🥰🤎
Dette har vore ein utruleg gøy og lærerik prosess for oss. Me er takksame for arbeidet dei kyndige fagfolka i Seimen AS og Vossalaft har gjort med bygget, og stor takk til ERA Elements som har dokumentert heile vegen🎥👏
Det er med stor ydmykheit at me no fyller huset. Dette er verkeleg stort for oss🤎
Psst… Planlegg du ditt neste arrangement?🌟
Olaskjeret kan bookast tysdag til sundag, heile året rundt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat☕️