12/06/2021
https://www.setesdolen.no/nytt/kjenner-seg-som-david-mot-goliat/
I desember 2020 small det for tredje gongen i straumnettet ved Joker-butikken i Bjelland. Det tok igjen fyr i kabelen, og denne vart brent av på to fasar. Det var full utrykning frå naudetatane. Kabelen måtte skiftast, og butikken var igjen skadelidande.
Kjenner seg som David mot Goliat
Ein over eit år lang tvist med Agder Energi om erstatning for straumbrot, kan kome til å ta knekken på den vesle nærbutikken, Joker i Bjelland.
Sigurd Haugsgjerd
[email protected]
Publisert: 01.06.2021 08:00
Sist oppdatert: 08:00
Det som starta med at Agder Energi sitt nettselskap skulle skifte ut ein trafokiosk ved butikken i Bjelland, har ført til stadige komplikasjonar. Styreleiar i Joker Bjelland, Odd Rolf Roland meiner butikken har blitt påført skadar for opp imot eit par hundre tusen kroner siste året. Det er tøft for ein liten nærbutikk som i 2019 opererte med eit rekneskapsmessig overskot på 71.000 kroner.
Agder Energi Nett AS har altså ikkje sagt seg viljug til å erstatte skadane som starta for halvtanna år sidan.
Selskapet skulle fornye ein trafokiosk i Bjelland sentrum fordi den nye fleirbrukshallen i bygda kravde større kapasitet på kraftforsyninga. Ved første utkopling skaffa nettselskapet aggregat som sikra straumforsyning til butikken, men i mars i fjor kortslutta tilkoplinga i inntaket. Det førte til at butikken mista straumforsyninga og vart påført skadar på varer som måtte destruerast og fornyast. Tapet kom på nesten 80.000 kroner pluss moms.
Avviste kravet
-Skaden blei fiksa, men frå montørar blei det sagt at årsaka sannsynlegvis var feil montering av tilkoplingsklemme. Me meinte difor at Agder Energi Nett måtte erstatte tapet, men det blei blankt avvist av selskapet, seier Odd Rolf Roland i styret for på Joker-butikken.
Måndag 2. november 2020 small det igjen. Ein ny fase vart brent av, og butikken mista igjen straumforsyninga. Butikken måtte stenge og fekk nye tap på grunn av skaden. Nettselskapet har sagt seg villig til å erstatte delar av tapet, men ikkje dei indirekte kostnadene.
-Skaden blei så fiksa, men montøren sa at dette var bare ein kvikkfiks, og her måtte det gjerast noko meir, seier styreleiaren på butikken.
Styreleiar i Vekst Eiendom AS, Odd Rolf Roland meiner konflikten med Agder Energi Nett er som David sin kamp mot Goliat.
Full utrykning
Ein månad seinare tok det igjen fyr i kabelen, og denne vart brent av på to fasar. Det var full utrykning frå naudetatane. Kabelen måtte skiftast, og butikken var igjen skadelidande.
Også denne skaden har Agder Energi Nett sagt seg viljug til å erstatte delvis. Selskapet vil ta dei direkte kostnadene.
-Selskapet har likevel presisert at dette har dei eigentleg ikkje noko ansvar for då dei har utført arbeida i tråd med retningslinjene, seier Odd Rolf Roland i butikkstyret.
Butikkleiinga meiner altså at Agder Energi Nett har påført butikken skade på opp i mot 200.000 kroner i 2020.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilknytningsavtalen
Denne skaden vil dei ikkje erstatte.
Dei viser til vilkåra i tilknytningsavtalen til nettet. Denne avtalen seier at dei ikkje treng å erstatte skade som er påført kunden med mindre selskapet opptrer uansvarleg.
-Vårt poeng i denne samanhengen er at selskapet forvaltar eit linjenett som er eit monopol. Dermed kan dei opptre som om dei ikkje treng å ta omsyn til kunden, seier Odd Rolf Roland.
Ho er overraska over at denne tilknytningsavtalen, som selskapet støttar seg til, er utarbeidd av Energi Norge i samarbeid med Forbrukarrådet og folk frå nettselskapa.
-For oss verkar denne avtalen heilt urimeleg. Slik eg har blitt klar over i ettertid, så er det veldig få som har lese desse vilkåra ved netttilknytning, seier han.
Nyttelause forhandlingar
Etter dei mange skadetilfella har butikkleiinga forhandla fram og tilbake med Agder Energi Nett, men ikkje kome i mål.
-Dette viser kor vanskeleg ein slik monopolsituasjon kan vere. Me har ingen mulighet til å bytte nettselskap. Det ville vel heller ikkje ha hjelpt, for alle nettselskap skjuler seg bak tilknytningsavtalen som er utarbeidd av nettselskapa via Energi Norge. Dette har Forbrukarrådet også vore med på. Det er ganske underleg, seier Odd Rolf Roland. Han meiner at denne saka er som David mot Goliat, nettselskapet kan nesten gjere kva som helst og påføre skade på ein kunde, utan at selskapet treng å erstatte skaden.
Det er ikkje greit. Difor bør det fram i lyset, seier han.
Straumbrot gong på gong det siste halvtanna året har gjort at nærbutikken i Bjelland har hatt tap på bortimot 200.000 kroner.
-Har dekt meir enn me hadde plikt til
-Agder Energi har forståing for at uheldige hendingar som straumstans kan vere veldig krevjande for små næringsdrivande. Etter ei totalvurdering og basert på dei konkrete omstendighetene i denne saka, har nettselskapet difor valt å erstatte noko av motparten sine krav. Selskapet har strekt seg svært langt med sikte på å få til ei minneleg løysing i saka, men Bjelland Dagligvare AS har ikkje akseptert Agder Energi sitt forslag. Det seier Nils Tore Augland som er seniorrådgjevar i kommunikasjonssektoren i Agder Energi.
Han meiner at energiselskapet slett ikkje har plikt til å dekke slike kostnader.
Ein over eit år lang tvist med