17/12/2021
Framdrift og status i prosjektet Langebruvegen 🏗
Åsen & Øvrelid har starta rivingsarbeider på tomta og klargjort til graving og oppstart av byggearbeider. Det vart tidligare informert at det var naturleg å samkøyre gravearbeider med tiltak 12 i Førdepakken, som då hadde planlagt oppstart i november. Revidert framdriftsplan for Førdepakken legg no opp til oppstart siste del av januar.
Byggesøknaden for heile prosjektet, blokk A + B, er sendt kommunen og venter på endeleg behandling. Så snart byggjesøknaden er handsama i kommunen, vil vi komme tilbake med meir detaljert informasjon om framdrift mv.
Vi ser fram til å komme i gang med bygginga, og vil ynskje alle våre følgarar ei riktig god jul! 😊🎄