27/05/2026
Dessverre har vi blitt nødt til å skilte området tydeleg med «Privat veg» gjennom tunet vårt.
Vi opplever ein aukande trafikk av personar som går, spring og syklar gjennom tunet vårt, og det verkar som om fleire oppfattar dette som heilt uproblematisk. Dette skaper utfordringar for oss som bur her, både når det gjeld privatliv, trivsel og tryggleik.
Ei mogleg årsak kan vere den aukande trafikken på vegen gjennom fjellskjeringa, der det ofte blir køyrt i relativt høg fart – til dels også over fartsgrensa på 60 km/t. Dette kan føre til at mjuke trafikantar vel alternative ruter, som til dømes gjennom tunet vårt.
Vi har tidlegare teke kontakt med kommunen for å få redusert fartsgrensa til 50 km/t, men har så langt ikkje fått nemneverdig respons. Vi meiner likevel at dette er eit viktig trafikksikrings tiltak som bør vurderast på nytt.