Byx Cowork

Byx Cowork Eit moderne kontorfelleskap i hjertet av Florø 🖥️

Torsdag 7. mai kl. 12:00–13:00 inviterer Agera til eit uformelt lunsjmøte hos oss på BYX Cowork. Her får du ein praktisk...
30/04/2026

Torsdag 7. mai kl. 12:00–13:00 inviterer Agera til eit uformelt lunsjmøte hos oss på BYX Cowork.

Her får du ein praktisk introduksjon til KI – og korleis du kan ta det i bruk i eiga verksemd 💡

Meir info og påmelding under 👇

Målet er enkelt Du går derfrå med ei konkret startpakke for å implementere KI i eiga verksemd – og kan kome i gang allereie i dag.

God påske frå oss i Byx Cowork 🐣Vi har pynta til påske – og fått nokre nye, litt fjørkledde kollegaer på kjøpet 🐔 Håpar ...
27/03/2026

God påske frå oss i Byx Cowork 🐣
Vi har pynta til påske – og fått nokre nye, litt fjørkledde kollegaer på kjøpet 🐔 Håpar du nyt påskedagane 💛

Ein inspirerande start på dagen i allrommet vårt, med både kaffi i koppen og kompetansepåfyll ☕️Under Aksello sitt fruko...
05/02/2026

Ein inspirerande start på dagen i allrommet vårt, med både kaffi i koppen og kompetansepåfyll ☕️

Under Aksello sitt frukostmøte delte Nav, Vestnes Ocean AS, Tell Norge, Vookal og CF Production spennande innlegg om rekruttering og WorkOp, næringsutvikling og vidare vekst, samt korleis video kan brukast strategisk for målbar vekst i bedrifta di.

På torsdag arrangerar Aksello årets første frukostmøte i allrommet på Byx Cowork ☕️🥐 Start dagen med inspirerande innleg...
03/02/2026

På torsdag arrangerar Aksello årets første frukostmøte i allrommet på Byx Cowork ☕️🥐

Start dagen med inspirerande innlegg om rekruttering, næringsutvikling og korleis video kan skape verdi for di bedrift ✨

Velkommen til årets første frukostmøte – torsdag 5. februar ☕🥐

🧑‍💼 Yngve Årdal og Kine Berg Aalhus (Nav) presenterer WorkOp – ein møteplass der bedrifter med rekrutteringsbehov møter unge, motiverte jobbsøkarar.

🌊 Henryk Sobczak og Camilla Rabben (Vestnes Ocean AS) deler Vestnes Ocean si reise, vidare vekst og planar for framtida.

🏢 Joakim Knapstad (Tell) gir eit innblikk i Tell Norge som lokalt kompetansehus i ny drakt.

🎥 Christian Hope (Vookal) og Carl-Fredrik Kvisler Furset (CF Productions) viser korleis video kan brukast strategisk for målbar vekst.

Samlinga vert i våre lokaler i BYX Florø, i allrommet i tredje etasje. Vi startar med frukost kl. 07.30 for dei som ønskjer det, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. Møtet er ope for alle og gratis ✨

Vi gler oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging.

Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost 👉 https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=r5lb1a9J4kyjtc3djx29AhKkBZgdmH5DpwsbaZie3VJURUw1UUVXUFFTTVYwM1UwWVgzMkRKVDZPTS4u

Økonomidagar i Florø 💼📈  Aksello inviterer til Økonomidagar i Florø 4. og 5. mars hos oss på Byx Cowork. To dagar med fo...
30/01/2026

Økonomidagar i Florø 💼📈

Aksello inviterer til Økonomidagar i Florø 4. og 5. mars hos oss på Byx Cowork. To dagar med fokus på praktisk og strategisk økonomiforståing for næringslivet i regionen.

Meir info og påmelding under 👇🏼

Treng du møterom? 💻Byx Cowork tilbyr små og store møterom med alt du treng for effektive møter, inkludert fasilitetar fo...
28/01/2026

Treng du møterom? 💻

Byx Cowork tilbyr små og store møterom med alt du treng for effektive møter, inkludert fasilitetar for videokonferanse, slik at du kan samarbeide med kollegaer og kundar uansett kvar dei er.

Allrommet vårt i 3. etasje kan òg leigast til ulike tilstelningar og er perfekt for større møter, workshop eller sosiale samlingar ✨

Ta kontakt for booking og meir info.

Vi er glade for å ønskje Agera velkomen som ny leigetakar hos Byx Cowork i Strandgata 52 🙌
14/01/2026

Vi er glade for å ønskje Agera velkomen som ny leigetakar hos Byx Cowork i Strandgata 52 🙌

🎉 Godt nyttår! 2026 er godt i gang, og vi gler oss til eit nytt år fylt med arbeidsglede, samarbeid og gode samtalar her...
06/01/2026

🎉 Godt nyttår! 2026 er godt i gang, og vi gler oss til eit nytt år fylt med arbeidsglede, samarbeid og gode samtalar her på Byx Cowork.

I første etasje på Byx Cowork finn du den trivelege sandefjordingen Mathias Frednes. Han jobbar som arkitekt i Grind Ark...
09/12/2025

I første etasje på Byx Cowork finn du den trivelege sandefjordingen Mathias Frednes. Han jobbar som arkitekt i Grind Arkitektur og likar å kombinere funksjonalitet og estetikk i bygga han teiknar. Dei fleste prosjekta er for privatpersonar, men arkitektbyåret jobbar òg med både næringsliv og offentlege aktørar. No i det siste har det vore mykje ombygging. Det er det som er så kjekt med faget; variasjonen mellom prosjekta, både i tankegang og løysing, fortel han.

Hos Grind Arkitektur får kundane som regel to ulike forslag. Slik kan han både møte behov og samtidig utfordre til å tenke nytt. Målet er å skape rom som kjennest rett for kunden.

Sandefjordingen har no budd ti år på Vestlandet, fem av dei i Bergen under arkitektstudiet. Likevel er Mathias på mange måtar tilbake til røtene sine. Bestemora mi budde i Standal før dei flytta austover, så det var ikkje berre kjærleiken som drog meg til kystbyen.

Mathias trekk fram kontorfellesskapet som verdifullt i ein kvardag der ein jobbar mykje for seg sjølv. Her får han sosiale avbrekk, enten det er prat ved kaffimaskina, i felleslunsjen i Allrommet eller på vaffelfredagen. I tillegg er hunden Enzo ofte å sjå ilag med Mathias her på Byx CoWork 🐾

👉🏼 Du kan sjå meir av arbeidet til Mathias og Grind Arkitektur på instagram-kontoen .

Adresse

Strandgata 52
Florø
6900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Byx Cowork legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Byx Cowork:

Snarveier

Del

Type