31/07/2026
Leiarskifte i MYLDR Energipark Fyresdal og Fyresdal Vekst AS - Olav A. Veum startar i ny jobb hos Fossefall AI
Olav A. Veum har dei siste åra vore dagleg leiar i MYLDR Energipark Fyresdal, Fyresdal Vekst AS og Molandsmoen 25 AS. Den 13. juli signerte han avtale om nytt engasjement for Fossefall AI, og sa same dag opp engasjementa sine i dei tre selskapa.
For å unngå moglege interessekonfliktar har Veum bedt om å gå av så snart det praktisk let seg gjere. Kjersti Bergland har allereie teke over som dagleg leiar i Fyresdal Vekst og Molandsmoen 25, medan skiftet i MYLDR Energipark skjer i løpet av hausten.
Styreleiar Erik Skjervagen takkar for innsatsen gjennom fleire år.
– Datasenteret i Fyresdal vil gje store positive ringverknader, og har vore eit mål med brei politisk forankring over tid. Vegen dit har vore krevjande, men vi har lukkast, og Olav har stått sentralt i arbeidet, seier Skjervagen. – Vi hadde gjerne halde fram samarbeidet, ikkje minst kring overskotsvarme. Samstundes ligg det ei fin anerkjenning i at folk frå Fyresdal er attraktive i utvikling av AI-industri nasjonalt og internasjonalt.
MYLDR vil om kort tid avklare den vidare organiseringa, og kjem tilbake med ein strategi for arbeidet framover i løpet av hausten.
(Foto: Gerd Straume)