Hallinglos

Hallinglos Hallinglos kan lose deg gjennom byråkratiet når det gjeld byggesak, oppmåling arealplan mm. www.hallinglos.no

Hallinglos kan tilby tenester innafor alle fagområder som tradisjonelt har vorte kalla teknisk sektor. Der planleggjarar, arkitektar og advokatar har spesialisert seg, kan Hallinglos være litt av alt, ha kontakt med kommunen, gje råd, skrive søknader, lage enkle planer, fylle ut skjema, hente informasjon, samordne søknader...

Hallinglos tilbyr tenester for privatpersonar og offentlege og private

verksemder. Hallinglos kan jobbe på timebasis, gje fast pris eller gjere avtaler som er resultatavhengig.

Hallinglos er ein av mange som støttar Stølsrock!
22/06/2017

Hallinglos er ein av mange som støttar Stølsrock!

Takk til alle sponsorer som gjør Stølsrock mulig! Håper alle tar turen til stølen. VI ses!

I dag tenkjer eg at politikarane i hovudutvalet for plan og ressurs har gjort eit klokt vedtak. Dispensasjonssøknaden va...
31/05/2017

I dag tenkjer eg at politikarane i hovudutvalet for plan og ressurs har gjort eit klokt vedtak. Dispensasjonssøknaden vart vedteke, samrøystes, og Anders Buchardt kan jobbe vidare med hotellplanane.
God dag på jobben :-)

Eg hadde tenkt å markere at det i dag er 5 år sidan offisiell opning av Hallingloskontoret. Det må vere eit godt teikn, ...
29/05/2017

Eg hadde tenkt å markere at det i dag er 5 år sidan offisiell opning av Hallingloskontoret. Det må vere eit godt teikn, når dagen har vore så travel at eg ikkje har teke meg tid til å gjere det. Før eg avsluttar dagen, er det litt hyggeleg å mimre, sjå attende på fem spennande år, og tenkje at eg har lyst til å ta fatt på 5 nye.
Takk til alle som har heia på meg :-)

Losen har vore veldig dårleg på markedsføring på FB, men kan melde om god aktivitet. Mange søknader sendt, og mange posi...
23/03/2017

Losen har vore veldig dårleg på markedsføring på FB, men kan melde om god aktivitet. Mange søknader sendt, og mange positive vedtak attende. Har starta på nokon spennande prosjekter, og eitt av dei er å følgje opp byggetrinn to i Tottelia. Startar med møter med heldige kjøparar, og det er fortsatt mogleg å kjøpe hytte.
https://www.finn.no/realestate/leisuresale/ad.html?finnkode=91056418

Ny hyttegrend under full utbygging med beliggenhet i hjertet av Hemsedal! Ski inn/ut til Hemsedal Skisenter, direkte nærhet til milevis med langrennsløyper og gangavstand til Hemsedal sentrum. En av Hemsedals beste beliggenheter! 4 ulike hyttetyper fra 75 - 99 kvm BRA, arkitekttegnet av Tim Resen.

Nettsider med nytt design er publisert. Markerer at Hallinglos har vore i drift i tre år, og satsar på tre nye! Sjekk ht...
30/06/2015

Nettsider med nytt design er publisert. Markerer at Hallinglos har vore i drift i tre år, og satsar på tre nye! Sjekk http://www.hallinglos.no/

Hallinglos kan tilby tenester innafor alle fagområde som tradisjonelt har vorte kalla teknisk sektor. Hallinglos er ein stad å starte, der kommunen sin teneste stoppar. Hallinglos er litt av alt – koplingsboksen. ...

Frå 1. juli er det endringar i plan- og bygningslova som i utgangspunktet gjer at enkle tiltak, som til dømes garasje/ut...
19/03/2015

Frå 1. juli er det endringar i plan- og bygningslova som i utgangspunktet gjer at enkle tiltak, som til dømes garasje/uthus på inntil 50 kvadrat kan byggjast utan å søkje. Det som ikkje blir prata så mykje om frå politisk hald, er at dette gjeld dersom tiltaket ikkje er i strid med til dømes plan eller avstandskrav til veg. Mange spør seg om denne endringa fører til mindre byråkrati men meir tvistesaker i rettsystemet, på grunn av at kravet til nabovarsling fell bort. Ministeren seier det er lov å prate med naboen før ein set i gang, og det er losen enig i!

Er du i tvil, eller ynskjer hjelp utover det kommunen kan gje, ta kontakt.

Her kan du lese meir om endringane som kjem:

http://www.dibk.no/no/BYGGEREGLER/Nyheter-byggeregler/na-kan-du-bygge-mer-uten-soke/

- Vi gjør det enklere for folk å bygge på egen eiendom uten å måtte søke, og kommunen slipper å bruke ressurser på mindre byggesaker, sier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Enklere byggesaksregler iverksettes 1. juli 2015.

05/03/2015

Sjølv om det ikkje har vore aktivitet her i vinter, har "losen" hatt litt å gjere. Alltid nokon som treng hjelp til å søkje, klage eller få fart på prosjekter. I dag opna Fargerike Hemsedal i nyoppussa lokaler, der Hallinglos har vore med på forvandlinga frå Kiwi til Fargerike.

"Losen" er klar for nye oppdrag, ta kontakt!

Snart sommarferie, men fyrst ferdigstilling og oppsummering av hovedprosjektet siste året, ny Kiwi på Ulsåk.Takk til all...
02/07/2014

Snart sommarferie, men fyrst ferdigstilling og oppsummering av hovedprosjektet siste året, ny Kiwi på Ulsåk.
Takk til alle som har vore med: DBC as, AS Trevaren, ElektroTeam Hemsedal AS, Hemsedal VVS AS, OK Ventilasjon, Hemsedal Maskinlag

Oppdragsgjevar og los har vore godt team gjennom prosjektet ny Kiwi på Ulsåk. Her frå opningsseremonien. Takk for tillit...
06/06/2014

Oppdragsgjevar og los har vore godt team gjennom prosjektet ny Kiwi på Ulsåk. Her frå opningsseremonien.
Takk for tilliten, og spennande og interessant oppdrag.
Dette har vore lærerikt for Hallinglos.
foto: Ove Engene

No er det siste innspurt.. Asfaltgutta er i gang :-)
02/06/2014

No er det siste innspurt.. Asfaltgutta er i gang :-)

Grønt tak på Kiwi! Ni dagar til opning, no kan alle begynne å glede seg :-)
27/05/2014

Grønt tak på Kiwi! Ni dagar til opning, no kan alle begynne å glede seg :-)

Adresse

Granvegen 7
Hemsedal
3560

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hallinglos legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hallinglos:

Del