Haugsvær Panorama

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Haugsvær Panorama Eigedomsselskap

Støyping av fundamenter og golv for 4 garasjer idag.
20/10/2026

Støyping av fundamenter og golv for 4 garasjer idag.

OVERLEVERING 2 LEILIGHEITEREin milepæl idag, første 2 leiligheiter overlevert til Masfjorden kommune. Neste overlevering...
12/10/2026

OVERLEVERING 2 LEILIGHEITER

Ein milepæl idag, første 2 leiligheiter overlevert til Masfjorden kommune.
Neste overlevering blir 01.februar, der også garasje står ferdig.

Vi har ledig 1 leiligheit I 2.etasje. Er du interessert, kan den stå ferdig for innflytting 01.april.

Kjøpar er sikra 90 % finansiering i Husbanken. Gunstig rente og 8 år avdragsfritt!

Det går raskt framover med byggeprosjektet på Haugsvær Panorama.  Allereie om 2 veker skal vi overlevere dei første 2 le...
21/09/2026

Det går raskt framover med byggeprosjektet på Haugsvær Panorama. Allereie om 2 veker skal vi overlevere dei første 2 leiligheitene til Masfjorden kommune.

Den tredje leiligheita skal vere klar for overlevering 1.februar, med tilhøyrande garasje.

Vi vil selge den ledige leiligheit 4 før vi går vidare med neste 4-mannsbustad.

Kjøparane av våre leiligheiter er sikra finansiering 90% av kjøpesummen I Husbanken, inkludert garasje.
Første 8 år avdragsfritt lån, med gunstig rente.

Ta kontakt om du vil vite meir om leiligheitene og finansiering!

Det blir svært romsleg terrasse/ veranda både på sokkelplan og i 2.etasje.Terrasse/ veranda langs 3 sider av bygget. På ...
21/08/2026

Det blir svært romsleg terrasse/ veranda både på sokkelplan og i 2.etasje.
Terrasse/ veranda langs 3 sider av bygget. På sokkelplan er alt overbygd, mens i 2.etasje er overbygd utanfor stova. Med glasrekkverk.

Her kan du kose deg både i sol og med nedbør!

Kjekt å kunne signere kjøpekontrakt idag for leiligheit med garasje!Dermed er 3 av 4 leiligheiter I første byggetrinn se...
21/07/2026

Kjekt å kunne signere kjøpekontrakt idag for leiligheit med garasje!
Dermed er 3 av 4 leiligheiter I første byggetrinn selde.
Vi har no ledig flott leiligheit I 2.etasje med 3 soverom. Livsløpsstandard med trinnfritt frå uteområde og garasje.
Og den flotte adressa Sognevegen 2220 D !
Pris nøkkelferdig leiligheit- 3.680 000.-
Pris garasje 3,2 x 8 m - 420.000.-

Husbanken synes prosjektet vårt er eit godt konsept og godt eksempel for bustadbygging i distriktet, og har gjeve oss prosjektgodkjenning. Det betyr at kjøpar får finansiert 90% av kjøpesummen, med gunstig rente og 8 års avdragsfri periode.
Gjeld også garasjeplass.

Ta gjerne kontakt dersom du vil kikke på leiligheit, utsikt, og nærleiken til butikk/ dagaktivitetssenter!

Tlf 90 600 163

Har du bruk for garasje? Kanskje du har bubil som må stå ute gjennom vinteren?Vi kan tilby 2 plassar vi ikkje treng til ...
18/07/2026

Har du bruk for garasje?
Kanskje du har bubil som må stå ute gjennom vinteren?
Vi kan tilby 2 plassar vi ikkje treng til våre leiligheiter.
Den eine har mål 3,2 x 8 m, bodplass/ hobbyrom i bakkant.
Den andre har mål 3,5 x 10 m, og har plass til bubil. Også her bodplass/ hobbyrom i bakkant.
Pris inkludert installert elektrisk er 420.000.- og 510.000.-

Ta kontakt for meir info om du er interessert!

HUSBANKFINANSIERINGHusbanken har gjeve oss prosjektgodkjenning  og godkjent våre leiligheiter som livsløpsbustader.Kjøpa...
26/06/2026

HUSBANKFINANSIERING

Husbanken har gjeve oss prosjektgodkjenning og godkjent våre leiligheiter som livsløpsbustader.

Kjøpar kan på grunn av dette låne 90% av kjøpesummen I Husbanken, inkludert garasjeplass.
Svært gunstig rente, og første 8 åra avdragsfri periode.
Dette gjer det enklare for dei fleste å kunne flytte inn i ei ny flott leiligheit!
Ta kontakt om meir info om finansiering tlf 90 600 163.

Vi har seldt 2 leiligheiter i sokkeletasje. Vi har ledig 2 leiligheiter I 2.etasje. 3 soverom, BRA 92 m2, stor veranda delvis overbygd.
Glasrekkverk, så du har utsikt frå sofaen over heile bygda, fjorden, og dei mektige fjella!
Trinnfritt til uteområde.

I neste omgang blir oppført tilsvarande 4-mannsbustad. Grunnmur er allereie utført.

Jokerbutikken og nytt dagaktivitetssenter 40 m unna. Busstopp for ekspressbuss 60 m unna.

Flotte opparbeidde turvegar like ved, med gapahuk og den spennande Eventyrskogen.

Vil du vite meir om leiligheitene og ta ein kikk med oss, så ta kontakt!

Travel byggeplass på Haugsvær ! Første 4-mannsbustaden til Haugsvær Panorama er snart ferdig utvendig.  Og idag blir tak...
19/05/2026

Travel byggeplass på Haugsvær ! Første 4-mannsbustaden til Haugsvær Panorama er snart ferdig utvendig.

Og idag blir takstolane montert på tilbygg Haugsværtunet, som skal romme nytt flott aktivitetssenter for både eldre og unge.

Begge prosjekta er planlagt ferdig i august.

Dei 2 leiligheitene i 2.etasje får stor balkong 33 m2, der 8 m2 er overbygd. Her kan du sitte tørrt sjøl om det skulle r...
31/03/2026

Dei 2 leiligheitene i 2.etasje får stor balkong 33 m2, der 8 m2 er overbygd. Her kan du sitte tørrt sjøl om det skulle regne litt.
Glassrekkverk balkong som ikkje hindrer den flotte utsikten!

Inngang leiligheit i terrenghøgde.
3 soverom. Felles garasjebygg .

30 m unna er Jokerbutikken, Bua, og dagaktivitetssenter som no er under oppføring.
50 m unna er busstopp for ekspressbuss både til Førde og Bergen.

Og dei flotte turvegane til Eventyrskogen og gapahuken startar ved utedøra!

Kranselag for første 4-mannsbustad, takstoler er montert.Kjekk markering, med involverte frå Skahjem Bygg AS, Hafs Elekt...
13/03/2026

Kranselag for første 4-mannsbustad, takstoler er montert.
Kjekk markering, med involverte frå Skahjem Bygg AS, Hafs Elektro & Rør AS, Gunnar og Eirik Trædal, lokale dyktige folk på sine områder.
Sjølsagt også eigarane av Haugsvær Panorama AS.

Fint at ordføraren også ville vere med oss!

Adresse

Sognevegen 2226
Hogsvær
5983

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Haugsvær Panorama legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Haugsvær Panorama:

Snarveier

Del

Kategori