09/10/2026
🫶🫶
For ein kveld det vart på Næringspuben!
Rundt 70–80 personar fann vegen til Næringsfabrikken i går kveld, og saman fekk vi høyre to veldig ulike, men samtidig ganske like historier om det å skape noko frå botnen av.
Først ut i Næringssofaen var Ottar Hellebostad Hellebostad og Nicolai Lorentzen frå Autotech Sykkylven , Leif Kjetil Lorentzen kunne dessverre ikkje denne kvelden. På berre to år har dei gått frå nærast bar bakke og store ambisjonar til ein verksemd i drift. Dei fortalde ærleg om lange dagar, mykje ansvar og korleis det har vore å byggje opp alt frå grunnen av. Frå mykje manuell arbeid rundt lossing av dekk, til nytt meir tilrettelagt dekkhotell, og meir. Ekstra kjekt var det å høyre at dei no endeleg byrjar å få på plass bemanninga dei har ønskt seg, og får meir tid til å løfte blikket frå den daglege drifta.
Deretter fekk vi møte Magnus Overå frå Hundeidvik Fjord Retreat intervjua av Clara Aarseth-Strømmegjerde. Han tok oss med på reisa frå idéen om to små hytter til det som i dag har blitt eit gjennomført konsept med stor hytte, lita hytte og badstu ved fjorden. Vi fekk også eit innblikk i alt arbeidet som ikkje alltid er synleg, frå reguleringsprosessar til merkevarebygging, og korleis små detaljar som salt, pepar og olivenolje ofte kan bety meir for gjestane enn ein kanskje skulle tru. For ikkje å nevne alt arbeidet som går med til drift, som til og med satte vaskemaskina til mor ut av drift ei periode.
Felles for begge historiene var ikkje dei ferdige resultata, men menneska bak. Viljen til å satse, stå i det når det blir krevjande, og halde fram sjølv når ting tek lengre tid enn planlagt.
Tusen takk til Ottar, Nicolai og Magnus for at de delte historia dykkar. Og takk til alle som kom og bidrog til endå ein fantastisk Næringspub.
Vi gler oss til neste gang!