AKS-77

AKS-77 FIL AKS-77 på Facebook AKS-77 vart skipa som ein samanslutning av klubbane Alvidra, Knarvik Idrettslag og Seim i 1977. Derav namnet; AKS-77

Bli bedre kjent med Brekkeløypas Venner!Vår gode samarbeidspartnar Avisa Nordhordland har besøkt Brekkeløypas Venner. De...
16/01/2026

Bli bedre kjent med Brekkeløypas Venner!

Vår gode samarbeidspartnar Avisa Nordhordland har besøkt Brekkeløypas Venner. Den glade gjengen på 9 pensjonistkarar gjer dugnad på Brekkeløypa og for oss i KnarvikMila og Stolpejakten kvar einaste tirsdag formiddag året gjennom.

Dei har no i 10 år sørga for at Brekkeløypa held den høge standarden til ein kvar tid og dei gjer ein heilt uunnverleg innsats for at Stolpejakten og alle løpa og arrangementa til KnarvikMila går som dei skal.

Les meir om det viktige arbeidet dei gjer i Avisa Nordhordland:
https://www.nordhordland.no/dugnadsgjengen-fyller-ti-ar/s/5-33-792970

KLOKKA GÅR... I kveld ved midnatt er det slutt!Dette er din aller siste sjanse til å sikre deg plass på Fløyen–Knarvik, ...
11/01/2026

KLOKKA GÅR... I kveld ved midnatt er det slutt!

Dette er din aller siste sjanse til å sikre deg plass på Fløyen–Knarvik, Knarvik Maraton eller KnarvikMila til våre aller beste Early Bird-prisar!

Men dette handlar om meir enn berre ein god pris. Det handlar om den heilt unike "KnarvikMila-kjensla":

✨ Spenninga og forventninga på startstreken.

✨ Gleda over å flytte eigne grenser, meter for meter.

✨ Den uerstattelege stoltheten når du ser målstreken og VEIT at du har klart det!

Slagordet vårt er jo med rette "Løp med glede – gå stolt i mål!"

Kva drøymer du om i 2026?

🏃 Fløyen–Knarvik (9. mai) – Den episke turen over fjellet.

🏃 Knarvik Maraton (20. juni) – Den ultimate styrkeprøven.

🏃 KnarvikMila (4.–6. sept) – Folkefest og valfrie distansar for alle!

Bestem deg i dag! Etter midnatt aukar prisane på alle løp og distansar. I morgon vaknar du opp med eit mål, ein plan og ein god rabatt i lomma – men berre om du handlar før kl. 23:59 i kveld.

MELD DEG PÅ NO: www.knarvikmila.no

Vi gler oss til å sjå deg stråle av stolthet i målområdet!

Hugsar du sitringa i kroppen då du stod på startstreken i fjor? Du gløymer det aldri. Den tunge pusten undervegs, det he...
10/01/2026

Hugsar du sitringa i kroppen då du stod på startstreken i fjor?

Du gløymer det aldri. Den tunge pusten undervegs, det hejande publikummet langs løypa, det gode humøret på dei frivillege og ikkje minst: det enorme smilet og den gode meistringskjensla då du gjekk stolt i mål og fekk medaljen rundt halsen?

No vil vi skape nye minne saman med deg. Du veit at det kostar litt slit, men du veit òg at det er verdt det. Ingenting slår kjensla av å setje seg eit mål og fullføre med g***s!

Løp med glede – gå stolt i mål!

Plassen din er klar, uansett kva utfordring du vel:

🏃 Fløyen–Knarvik (9. mai) – Frisk fjell-luft og magisk natur.

🏃 Knarvik Maraton (20. juni) – Test kondisjonen og flytt grenser.

🏃 KnarvikMila (4.–6. sept) – Den unike folkefesten for alle!

Berre to dagar igjen! Søndag er siste sjanse for ekstra gode Early Bird-prisar. Prisen aukar på alle løp etter helga!

Bli med på laget, bli med på fellesskapet. Vi gleder oss til å sjå deg i løypa!

Les meir og meld deg på her; www.knarvikmila.no

Har du tenkt på det? Har du lyst? Men ikkje heilt kome i gang med påmeldinga til eit av løpa i KnarvikMila 2026?Vi veit ...
09/01/2026

Har du tenkt på det? Har du lyst? Men ikkje heilt kome i gang med påmeldinga til eit av løpa i KnarvikMila 2026?

Vi veit korleis det er! Men no har du den perfekte motivasjonen til å trykkje på knappen. Innan søndag kl. 23:59 sikrar du deg startnummer til våre aller beste priser! 💸

Kvifor melde seg på akkurat NO?

🎯 Du får eit mål: Det er mykje lettare å kome seg ut på trening når du veit at medaljen ventar i Knarvik!

💰 Du sparer pengar: Kvifor betale meir i morgon når du kan sikre deg Early Bird-pris i dag?

🤩 Gleda og stoltheten: Ingenting slår kjensla av å stå på startstreken med glede – og kjenne på den enorme stoltheten når du kryssar mållinja!

Slagordet vårt er jo med rette "Løp med glede – gå stolt i mål!"

Vel di utfordring i 2026:

🏃 Fløyen–Knarvik (9. mai) – 27 km løp/tur eller 14 km tur.

🏃 Knarvik Maraton (20. juni) – Halvmaraton og maraton.

🏃 KnarvikMila (4.–6. sept) – 3, 5, 10, 21 km, stafett og FjordViking!

Uansett distanse lovar vi ein opplevelse som sit i kroppen lenge etterpå. Bli med på folkefesten, tradisjonen og din eigen personlege siger.

Nedteljinga har starta! Om berre 3 dagar aukar prisen.

Sjåast vi på startstreken? Les meir og meld deg på her; www.knarvikmila.no

Hugsar du den brusande energien i kroppen og den magiske stemninga rett før målstreken?Den unike følelsen av å ha fullfø...
08/01/2026

Hugsar du den brusande energien i kroppen og den magiske stemninga rett før målstreken?

Den unike følelsen av å ha fullført – enten det var over fjellet frå Fløyen, dei tøffe kilometrane i maratonløypa eller folkefesten under Mila – den sit i kroppen lenge! No er tida inne for å skape nye minne.

Draumen om 2026-sesongen startar no. Vårt mål er det same som alltid: Løp med glede – gå stolt i mål!

I 2026 har vi noko for absolutt alle:

🏃‍♂️ Fløyen–Knarvik | Laurdag 9. mai (27 km løp/tur eller 14 km tur) – Ein episk naturoppleving!

🏃‍♂️Knarvik Maraton | Laurdag 20. juni (Halvmaraton og maraton) – Den ultimate meistringsfølelsen!

🏃‍♂️KnarvikMila | 4.–6. september (3, 5, 10, 21 km, FjordViking, stafett mm.) – Heile Nordhordlands folkefest!

MEN DU MÅ VERE RASK! Søndag er siste sjanse til å sikre seg Early Bird-pris. Meld deg på no og spar pengar du heller kan bruke på ferske løpesko frå vår partnar , eller ein skikkeleg feiring etter målgang!

Nedteljinga er i gang – om berre 4 dagar aukar prisen på alle løpa våre.

Gjer som tusenvis av andre: Vel di distanse, set deg eit mål og start reisa i dag!

Les meir og meld deg på her: www.knarvikmila.no

Den første adventtstolpejakta i Stolpejakten Alver er over og vi kan ønske alle eit riktig godt nytt år med mange nye sj...
05/01/2026

Den første adventtstolpejakta i Stolpejakten Alver er over og vi kan ønske alle eit riktig godt nytt år med mange nye sjansar til flotte tur- og løpeopplevingar saman med oss i KnarvikMila og Stolpejakten Alver, Austrheim og Fedje! Vi gler oss!

Heile 730 stoipejegarar tok totalt 13720 stolpebesøk i desember. 195 stolpejegarar tok alle 24 stolpane. Snittet er nesten 19 stolpebesøk på kvar stolpejegar, der nokon gjerne har tatt dei same stoipane fleire gongar.

Vi i KnarvikMila takkar alle for topp innsats og ikkje minst flotte og hyggelege tilbakemeldingar gjennom heile desember og no på nyåret. Både tilbakemeldingar og det store aktivitetsnivået set vi stor pris på!

Vi har trekt 10 heldege vinnarar av gratis påmelding til Fløyen-Knarvik som blir gjennomførd lørdag 9. mai. Dette er ein flott, lang tur for heile familien, som også gjer deg sjansen til å ta 10-12 ekstra stoipar i år som tidlegare år!

Vinnarane er:

- ElisabethN
- Jim Ertesvåg
- Sjur Arvid Toppe
- Anne Britt Kålås
- Monica Reknes
- Vibeke Mjaatvedt
- Sverre Martin Høyvik
- Ronald Kvamme
- Simon
- Lars Gøran Kristiansen

Dette er brukarnavn på Stolpejakten og alle vil bli kontakta på oppgitt epost eller SMS innan kort tid. her vil dei få meir informasjon om påmeldinga til Fløyen-Knarvik!

Stolpejakten tar no ein kort vinterpause, før vi er i gong igjen frå lørdag 28. mars for ein heilt ny sesong med ca. 200 stoipar i Alver, Austrheim og Fedje! Det er berre å glede seg til fortsettinga og nye flotte turopplevingar i jakta på stolpane!

Julens siste vinnar av adventsstolpejakten blei Åse Sudmann. Ho vann eit gåvekort frå Stolpejakten/KnarvikMila på kr. 10...
24/12/2025

Julens siste vinnar av adventsstolpejakten blei Åse Sudmann.

Ho vann eit gåvekort frå Stolpejakten/KnarvikMila på kr. 1000,-.

Alle 24 stolpane blir no ståande tilgjengeleg heilt fram til nyttårsaftan. Alle som deltek i romjula blir også med i trekninga om 10 påmeldingar til Fløyen-Knarvik (som også har ekstra stolpar på turen)!

Ha ein riktig god jul!

Til lyden av Tre nøtter til Askepott blir den nest siste ordinære trekninga gjennomførd. 569 ivrige og engasjerte stolpe...
24/12/2025

Til lyden av Tre nøtter til Askepott blir den nest siste ordinære trekninga gjennomførd. 569 ivrige og engasjerte stolpejegarar har til no hatt 8422 stolpebesøk - og vi har dagen i dag og heile romjulen igjen.....

For stolpe nr. 23 blei Vivian Gjerde trekt som vinnar! Ho vinn eit abonnement på Strilen.

For i dag blir den siste trekninga gjort like etter kl. 1500, så ein vinnar kan gå inn i julaftan med ein ekstra flott julegåve frå oss i Stolpejakten og KnarvikMila!

Alle stolpane blir ståande tilgjengeleg heilt fram til nyttårsaftan og alle som deltek i romjula blir med i trekninga om 10 påmeldingar til Fløyen-Knarvik (som også har ekstra stolpar på turen)!

Ha ein riktig god jul!

547 stolpejegarar er no med på adventsstolpejakten og dei har allereie gjennomførd 7128 stolpebesøk - og fremleis har vi...
22/12/2025

547 stolpejegarar er no med på adventsstolpejakten og dei har allereie gjennomførd 7128 stolpebesøk - og fremleis har vi dei siste dagane før jul og heile romjulen igjen!

108 av stolpejegarane har tatt 20, 21 eller 22 stolpar no midt på dagen den 22. desember, så her er det mange ivrige stolpejegarar som er tidlig på kvar dag for å ta stolpane! Vi gler oss stort over det store engasjementet!

Vi har trekt helgens vinnarar:

Fredag:
Berit Seim vann eit gåvekort på kr. 500 frå Kiwi Kvassnesvegen.

Lørdag:
Bjørg Straume vann ein powerbank til kr. 800 frå Helland Elektro AS.

Søndag:
Vibeke Prestmo Valestrand vann eit gåvekort på kr. 500 frå Kiwi Kvassnesvegen.

Alle tre blir kontakta direkte med meir info!

Det blir ny trekning på lillejulaftan og på julaftan for mandag og tirsdag. For julaftan blir det også den siste trekninga gjort like etter kl. 1500, så ein heldeg vinnar kan gå inn i julaftan med ein ekstra flott julegåve frå oss i Stolpejakten og KnarvikMila!

Alle stolpane blir ståande tilgjengeleg heilt fram til nyttårsaftan og alle som deltek i romjula blir med i trekninga om 10 påmeldingar til Fløyen-Knarvik (som også har ekstra stolpar på turen)!

Lukke til med vidare stolpejakt!

495 stolpejegarar har no gjennomførd 5057 stolpebesøk i adventsstolpejakten vår! Yngste registrerte stolpejegar er ei je...
19/12/2025

495 stolpejegarar har no gjennomførd 5057 stolpebesøk i adventsstolpejakten vår! Yngste registrerte stolpejegar er ei jente på 2 år og den eldste ein mann på 94 år!

Mange av stolpejegarane i adventsstolpejakten er ikkje overraskande i 60-årene og den mest populære alderen er 68 år (født i 1957). Men alle aldersgruppar er godt representert!

Den heldige vinnaren på stolpen i går blei Bodil Oddekalv Larsen som vann ein flott Mizuno-sekk frå Mizuno og KnarvikMila. Ho blir informert på epost!

Trekninga for fredag, lørdag og søndag kjem på mandag.

Dei siste dagane fram mot julaftan kjem det fortsatt ein ny stolpe kvar dag. Alle stolpane blir ståande tilgjengeleg for alle som ønsker hellt fram til nyttårsaftan. Veret ser også ut til å bli mykje betre i romjulen, så her ligg alt til rette for mykje stolpejakt framover!

For å gjøre stolpejakten ekstra interessant i romjulen, vil vi trekke 10 påmeldingar + T-skjorte til Fløyen-Knarvik. Vinnarane trekkast blant alle som deltek på stolpejakten vår frå 25. til 31. desember. Du som allereie har tatt stolpane, kan altså oppnå nye vinnarsjansar ved å ta stolpane på nytt! Vinnarane vil bli trekt like over nyttår!

Fløyen-Knarvik er lørdag 9. mai 2026. Her blir det også nye sjansar til å ta enda fleire stolpar på den flotte turen frå toppen av Fløyen via Eidsvåg og Åsane til Flatøy og med målgang i Knarvik. Eit eventyr.....

Bileta visar den flotte gjengen i Brekkeløypas Venner frå klargjeringa av stolpane like før påsken 2025.

Ha ein riktig god stolpejakt i helga og i romjulen!

Våre gode samarbeidspartnarar i fantastiske Sparebanken Norge er med oss i KnarvikMila også i 2026!!!Vi og ein lang rekk...
11/12/2025

Våre gode samarbeidspartnarar i fantastiske Sparebanken Norge er med oss i KnarvikMila også i 2026!!!

Vi og ein lang rekke andre lag og foreiningar fekk i dag tildelt prosjektmidlar frå Sparebanken Norge. Totalt har Knarvik-kontoret i år delt ut ca. 11 mill. kronar til ulike prosjekt og i dag kom dei siste tildelingane - bla. KnarvikMila si tildeling for 2026!

Vi fekk heile kr. 790 000 til våre ulike aktivitetar gjennom året!

KnarvikMila takkar for ein fantastisk støtte som vi skal bruke godt og effektivt til å skape nye løp, folkehelseaktivitetar og folkefest også i 2026. Sparebanken Norge sitt bidrag gjer at vi kan gjennomføre både Stolpejakt x 3, Fløyen-Knarvik, Knarvik Maraton, Pensjonistseminar og alt som skjer av løp, folkehelseaktivitetar, konsertar, messe og alt anna på folkefesten KnarvikMIla i september.

Spesielt viktig for oss er det at vi med støtta frå Sparebanken Norge også i 2026 kan ha gratis påmelding med T-skjorte og medalje til alle barna på MiniMila og KnøtteMila 6. september.

Heile KnarvikMila er både audmjuke og stolte over tilliten Sparebanken Norge visar oss gjennom eit så stort bidrag.

Vi lovar at vi skal gjere vårt aller beste for å vise oss tilliten verdig gjennom å skape mest og best mulig aktivitetar for alle gjennom heile 2026 - i godt samarbeid med den flotte gjengen på Knarvik-kontoret til Sparebanken Norge!

Adresse

Isdalstø
5916

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når AKS-77 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til AKS-77:

Del