Midsund Pensjonistlag

Veibeskrivelse Nettsted

Midsund Pensjonistlag Alt som berører pensjonister i ulike aldre

29/10/2026

Referat frå medlemsmøte 27.10 2026 på Midsund Gjestestove.
Leiar Bjørn Opstad ønskte velkommen og orienterte om dagsorden.
58 medlemmar var møtt opp då Asgeir og Tore var på plass og spela til velkomstsongen « Samlesong ».
Ord for dagen: Jorunn Opstad Heggdal informerte frå Haustkonferansen i Pensjonistforbundet der det bl,a var innlegg om sansetap.
Ved akkompagnement frå Asgeir og Tore song vi « I natt eg drøymde» før Asgeir og Tore hadde ei avdeling med kjente låtar og med litt skrøner innimellom.
Åresalet gjekk som vanleg unna i ein fei.
Asgeir og Tore held fram med nokre låtar før Gjestestova serverte potetball til middag.
Ballen smakte godt og praten gjekk livleg rundt borda. Mette og gode takka vi for laget og gjekk kvar til vårt.
Godt å tenkje på at vi enno ein gong har hatt ein triveleg ettermiddag saman.
Neste gong vi møtas er 2.desember og då blir det møte med litt julestemning.
Jorunn Opstad Heggdal
sekretær

23/10/2026

Obs!Obs! Merk dato og dag!!!
Det blir medlemsmøte i Midsund pensjonistlag tysdag 27.oktober kl.15 på Midsund Gjestestove.
Det blir potetball til middag, ord for dagen m/Jorunn, Asgeir og Tore sørger for underhalning.
Som vanleg blir det åresal og småprat rundt bordet.. Velmøtt til ein triveleg ettermiddag.
Påmelding med SMS til Bjørn Opstad innan sundag kveld.
🍁🍁🍁

22/10/2026

Kommuneoverlegen i Molde om enredder-system (Lenke til sak i kommentarfeltet)

05/10/2026

Medlemsmøte Midsund Pensjonistlag 30.sept 2026 på Midsund Gjestestove kl.15.
Bjørn Opstad ønskte 42 medlemmar (2 nye medelmmar!) velkomne til det første møtet for hausten før vi sang Velkomstsongen. Rolf Heggdal hadde ord for dagen og han las brev "frå Sjur i Holma til jo i Einebakken". Dette er "historier" som verserte i avisa for lenge sidan. Jorunn Opstad Heggdal informerte om arbeidet vårt i laget der verving, Eldrefesten, betaling for mat var tema.
Vi ønskjer å prøve ut ein ny post på møta der vi håper medlemmar som har ei historie eller liknande som dei kan fortelje kan gripe mikrofonen og dele med oss andre.
Odd Helge Gangstad var dagens kåsør der han fortalte om arbeidet i "styre og stell" og spesielt saker som angår oss i Midsund.
Vi sang " Dei nære ting" og " Dei vil alltid klaga og kyta" før det vart åresal.
Midsund Gjestestove serverte gode kjøtkaker med tilbehør til middag.
Takk for ein fin ettermiddag i lag.

05/10/2026

4.oktober 2026 feira vi Eldredagen med arrangement i Midsund storstove. 110 eldre i alle aldrer møtte forventningsfull opp og benka seg til fine pynta bord og snart svirra samtalene i rommet.
Etter at formannen Bjørn Opstad hadde ønska alle velkomne var det ordet fritt med Erna Konstanse Løken. Ho las eit dikt om bilkøyring og eit haustdikt. Øyklang ønskte velkommen med songen"Tenk at du kom" og 2 andre songar frå repertoaret. Eva Bøhn, leiar i Eldrerådet vitja oss og fortalte om Eldrerådet si rolle og kva dei jobbar med. Så var det tid for gjestane våre Magne Furuseth med gitaren sin og Magnar Solheimdal på trekkspel. Dei leia oss gjennom mange allsongar og eigne songar.
I kaffipausen vart det servert gode heimebaka kaker og skal sei at dei gjekk unna! Etter matpausen vart det ein ny bolk med songar frå gjestane våre og Øyklang avslutta ein svært fin og vellukka dag. TUSEN TAKK til seniordansen som hjalp oss med alt det praktiske med kakebaking, pynting og rydding!!! Tusen takk også til Coop Ekstra og Spar som sponsa oss med blomar, sjokolade og frukt. Enno ein gong ser vi at midsundsamfunnet stiller til dugnad når det trengs. Og sist men ikkje minst TUSEN TAKK til alle som kom og gjorde dagen til ei fin oppleving.

Pensjonistmøte på Midsund GjestestoveOnsdag 30. september kl. 15.00Gjest: Odd Helge GangstadOrd for dagen, loddsal og mi...
27/09/2026

Pensjonistmøte på Midsund Gjestestove
Onsdag 30. september kl. 15.00
Gjest: Odd Helge Gangstad
Ord for dagen, loddsal og middag (kjøttkaker)
Velkommen.

Pensjonisttur 19.aug.2026. Det var 41medlemmar (nokre ikkje medlemmar) som i flott sommarvér la ut på tur med Geiranger ...
24/08/2026

Pensjonisttur 19.aug.2026. Det var 41medlemmar (nokre ikkje medlemmar) som i flott sommarvér la ut på tur med Geiranger turbusser for å besøkje bygdene "over fjorden". Turen gjekk via Molde og med ferge til Vestnes. Første stoppestad var på Vik der vi var innom skulemuseet. Her vart vi tatt godt imot av guide som informerte om skulehistoria i Vestnes og viste oss rundt på museet. Det var rigga til framvisning for oss av film om skulehistoria som elevane ved Vike Montesorriskule hadde spela inn. Ei artig og flott oppleving.
Etter ein liten "trip" vart det stopp ved Tresfjord kyrkje. Der vi fekk komme inn og sjå oss rundt i ei svært vakker og utsmykka kyrkje (sjå vedlagte bilete)
Etter endå ein liten "trip" vart det stopp ved Riddarkroa der det vart servert ein alldeles nydelg middag. Turen gjekk vidare gjennom Vestnes, Tomrefjord, Fiksdal og til Ørsneset der det vart ein liten stopp med orientering om det nedlagte fergesambandet Ørsnes- Håbet - Midsund. Vi tok turen til om Brattvåg- Dryna og heim.
Stor takk til turkomiteen for godt opplagt tur.

26/05/2026

Midsund Pensjonistlag ønskjer god sommar til alle medlemmar. Det var ei fin sommaravslutning ved Holsvatnet og neste gong vi møtast er det busstur 19.august. Då går turen over fjorden til Tresfjord og Vestnes.

God sommar frå styret!

Aktivitetsdag ved Holvatnet 7. maiDå Pensjonistforbundet Molde foreslo ein felles aktivitetsdag saman med Midsund Pensjo...
10/05/2026

Aktivitetsdag ved Holvatnet 7. mai

Då Pensjonistforbundet Molde foreslo ein felles aktivitetsdag saman med Midsund Pensjonistlag var vi raske å seie ja, det vil vi være med på. Då dagen kom var det litt spanande med været, men då bussen med 65 pensjonistar frå Molde kom, viste været seg å bli heilt perfekt. Då leiar Bjørn Opstad heiste flagget og kunne ønskje pensjonistane frå Molde velkomne, kom sola fram og viste fram Midsund frå si beste side.
Midsund Pensjonistlag hadde invitert «alle eldre i alle aldrar» og då alle var på plass kunne vi telje 130 deltakara!!! Det var rett og slett heilt fantastisk!!! Sterk og stødig tok fri frå inne treninga for å delta, Øyadur med sin leiar Åshild Melkeraaen møtte opp med instrumenta sine, Seniordansen møtte opp i sin finaste stas klar til innsats og sist men ikkje minst dukka Audun Kirkeland opp med trekkspelet sitt. Frivillighetsgeneral Asgeir Nerbø stilte med gitar. Alt låg til rette for ein vellukka dag. Å for ein dag det blei!!!

Mange spreke pensjonistar tok turen rundt Holsvatnet før det vart underhalding av Øyadur som spela fengande låtar noko som fekk pensjonistane til å hive seg ut i dansen på vollen.
Medan Audun Kirkeland spela opp på trekkspelet vart det servert både pølser på grillen, sveler og kaker. Medan det vart fortært gjekk praten lystig rundt borda. Det var mange kjenningar som møttest og hadde mykje å praten om. Det var mange god minner og historier om skuledagane og ungdomstida som vart utveksla.
Etter mat og prat inviterte Midsund seniordans med seg seniordansarar frå Molde og hadde ei flott oppvisning. Tida gjekk så alt for fort og før pensjonistane frå Molde tok fatt på heimveg avslutta Rolf Heggdal med å fortelje litt om gamle Midsund kommune og midsundsamfunnet i dag,
Stor takk til alle som deltok med underhaldning og tilrettelegging og til alle som kom og var med å gjere dagen perfekt.

Jorunn Opstad Heggdal
Sekretær

Adresse

Bukthaugvegen 4
Midsund
6475

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Midsund Pensjonistlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori

Eiendomsmeglere i nærheten


Andre Eiendom i Midsund

Vis Alle