02/07/2025
Som sikkert mange har fått med seg, så er Olmann minihytte no historie får vår del. Etter 3 utleigesesongar, så bestemte vi oss for å selge minihytta vår. Det har vore ein suksess på alle måtar, men av ymse årsaker, så valgte vi å lodde stemninga for vidareføring til nye makeder. Vi takkar alle som har vore våre gjester og alle som har fulgt interessert med.
Vi var veldig fornøgde og glade i vårt minihytte-konsept og det var difor svært interessant for oss når det melde seg interesserte kjøparar frå kommunen. Hytta vart flytta i vinter og dei nye eigarane har brukt god tid på å lage sitt eksklusive panorama-konsept slik at opplevelsen med opphaldet blir maks. Og det har dei fått til!
Det med stor glede å sjå hytta like fin, framleis i si opprinnelege drakt, vidareført i nye spennande omgjevnader. Camilla og Per Erik har verkeleg lagt sjela si i dette og supplert med alt kva du treng til opphaldet; Jakusi, utedusj og grillplass i eit fantastisk fint tillaga uteområde. Vi vil på det sterkaste anbefale alle våre tidlegare gjester og følgjarar på denne FB-sida om å besøke Hjelle Panoramahytter på heimesida https://www.hjellepanoramahytter.no/, instagram eller Airbnb.
Her kan du overnatte i minihytte midt i spektakulær natur. Vi held til i Breim i Gloppen kommune. Erketunet gård driv med tradisjonell gårdsdrift med eggproduksjon, geit og ølbrygging som aktivitet. Her kan du overnatte i fantastisk hytte der komfort og trivsel er fokus. Tenk å starte dagen ...