Sandafossen Næringsområde

Sandafossen Næringsområde Sande i Sunnfjord

Statsforvaltaren går imot lokaldemokratiet og vil ikkje tillate næringsverksemd på Sandafossen.  Etter motsegn til areal...
15/05/2023

Statsforvaltaren går imot lokaldemokratiet og vil ikkje tillate næringsverksemd på Sandafossen. Etter motsegn til arealplanen set det ein stopp for framtidig utvikling på Sandafossen. Den lange sakshandsaminga for områdeplanen for Sande sentrum har medført at mogeleg etableringplanane til m.a. bil-motorforretning / hage-blomstersenter ikkje vart noko av. Vi vil takke for alle positive kommentarar og idear for kva som kunne vere aktuelt å få etablert på området, men står Statsforvaltaren på sitt (og etter kommunen sine forhandlingar) så vert nok dette slutten for vårt initiativ for utvikling av området og Sandafossen AS.

Er Sandafossen for langt frå Sande sentrum?Statsforvaltaren i Vestland og fylkeskommunen har sendt innspel til områdereg...
29/01/2023

Er Sandafossen for langt frå Sande sentrum?

Statsforvaltaren i Vestland og fylkeskommunen har sendt innspel til områdereguleringsplanen for Sande sentrum. Begge stiller seg kritiske til BKB1-området (Sandafossen). Dei meinar at BKB1 strider mot handelsføresegnene i regionen.

❗️Det er no opp til kommunen om dei vil jobbe for dette området eller skrote det frå planen❗️

Vi undrar oss over korleis kommunen ynskjer å legge til rette for næringslivutvikling og nyetableringar i tettstaden, når "sentrumsformål" kun er lagt til avgrensa og allereie bebygd område på Sande?

- Kva meinar du?


Firda Sunnfjord kommune

____________________________________________

Lenker:
Handelsføresegnene:https://www.vestlandfylke.no/globalassets/planlegging/regionale-planer/handelsforesegn.pdf

Områdeplanen med innspel:
https://sunnfjord.kommune.no/aktuelt-fra-kommunen/omradereguleringsplan-sande-sentrum-hoyring.26202.aspx

Skjermdump frå kommuneplanen sin arealdel på høyring: https://kommunekart.com/klient/sunnfjord/forslag_kpa

26/11/2022

Sandafossen vert eit attraktivt næringsområde!

▪️Gangavstand til bustadfelt og ligg midt i populær turløype på Sande
▪️Fint plassert ved E39 og Fv610 - "Porten til Gaular"
▪️Omgitt av skog, foss og fjell 🏞
(sjå siste snutt av videoen🤩)

Sandafossen AS vil legge til rette for ulike etableringar. Få til eit ekstra møtepunkt på Sande. Nye arbeidsplassar. Få lokal handel gjennom kortare avstandar til daglege gjeremål.

Del gjerne så når vi ut til fleire 😊

8000 kvm klar for komande utviklingsprosessar
09/11/2022

8000 kvm klar for komande utviklingsprosessar

Sandafossen AS er eit eigedomsselskap som ønskjer å utvikle Sandafossen ved Sande i Sunnfjord. Området er omtala som "Po...
03/11/2022

Sandafossen AS er eit eigedomsselskap som ønskjer å utvikle Sandafossen ved Sande i Sunnfjord. Området er omtala som "Porten til Gaular". Tomta er ved E39 og Fv610, godt eksponert i fine omgjevnadar ved fossen og brua.

Visjonen er å utvikle området for ulike næringsetableringar og forretningar. Sande har hatt stor vekst dei siste åra og vi har trua på at vårt prosjekt vil løfte Sande og skape flere møtestader og arbeidsplassar for bygda.

Nysgjerrig eller interessert? Send oss ein e-post til [email protected] og vi tar kontakt for ein uforpliktande prat!

Adresse

Sande I Sunnfjord
6973

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sandafossen Næringsområde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sandafossen Næringsområde:

Del