Nordbygdi Grendehus

Nordbygdi Grendehus Nordbygdi Grendehus er eit lokale som er drive på dugnad av Nordbygdi Grendelag. Grendehuset har nyoppussa kjøkken (2011). Huset har 2 toalett og 1 dusj.

Lokalet blir leigd ut til dåp, konfirmasjon, avslutninger, bryllup, møter, dans og overnatting. Dette inneheld alt frå bestikk, koppar og kar til kjølskåp, komfyr og oppvaskmaskin (hurtigmaskin). Huset er utstyrt med bord og stolar. Dersom ein skal dekke til middag er det ca plass til 40 stykker. Dersom du skulle være interessert i å leige det så ta kontakt via melding her inne eller på tlf 907 56

486. Det er 25 års grense for å leige grendehuset. Utleige prisar:
Barnebursdag: 600,-
Fest: 1500,- (kan disp huset fra fre til søn)
Dåp/Konf: 1500,- (kan disp huset fra fre til søn)
Møte: 600,-

Den som leiger huset må rydde og vaske heile huset sjølv. Me kan være behjelpelig med vask, dersom dei me bruker til det har mulighet når dykk skal leige. Dette må avtalast på førehand.

Tusen takk for super innsatsen i dag folkens!🌸 Takk til Seljord Varmepumpe og Jørn Andrė for service på varmepumpa. Takk...
22/05/2023

Tusen takk for super innsatsen i dag folkens!🌸 Takk til Seljord Varmepumpe og Jørn Andrė for service på varmepumpa. Takk til Helge for felling av tre og utlån av traktor og fliskuttar. Takk til Leif for fjerning av røtene trestubbar og utlån av traktor og hengar. Takk til Liv, Arve, Gunn, Randi, Eilev, Jan Helge, Unni, Bjørnar, Ingunn, Terje, Endre og Siri for god innsats med raking, fliskutting og opprydding. Fort gjort med så mykje god hjelp😊👌Det blei åpent og fint nå😊

19/11/2022

Hei alle👋 På grunn av auka straumprisar og underskudd ved utleige av huset ser me oss nødt til å auke leigeprisen på huset. Fom no vil prisen for fest/helg/konf/dåp auke til 1500,- , barnebursdag/møter 600,-. Ber om forståing for denne lille auka😊 Dersom ein skulle avbestille ei helg ein har booka må det skje seinast fredag veka før du skulle leid huset. Avbestillingsgebyr vil være 300kr. Mvh styret.

Hei. Er det nokon som kunne tenke seg å gå som bøssebærer for TV- aksjonen; Barn - ikkje brud 24. Oktober? Ein starter c...
05/10/2021

Hei. Er det nokon som kunne tenke seg å gå som bøssebærer for TV- aksjonen; Barn - ikkje brud 24. Oktober? Ein starter ca kl 13 og leverar bøssa mellom 15.00 - 18.00. Området me skal dekke er frå Djuve til kommunegrensa. Me treng 2 stk, men ein kan gjerne gå fleire saman på ei bøsse. Ta det som ein søndagstur i den fine bygda😊 Ta kontakt på melding her inne eller på tlf 90756486 om du kan bidra.

Grendehuset bada i fargespel i dag til morgon. Fleire som låner lokalet nå, og det er me sååå glade for😊
24/09/2021

Grendehuset bada i fargespel i dag til morgon. Fleire som låner lokalet nå, og det er me sååå glade for😊

Grendehuset pynta til konfirmasjon😊 Med denna borddekking har du plass til 38stk. Skal du ha selskap i nermaste framtid?...
08/08/2021

Grendehuset pynta til konfirmasjon😊 Med denna borddekking har du plass til 38stk. Skal du ha selskap i nermaste framtid? Ta kontakt for å sjå om grendehuset er egna til ditt selskap.

Nå blir det fint på Grendehuset til det er heile 3 konfirmantar på 2 helger som skal feire den store dagen her😊 Så heldi...
31/07/2021

Nå blir det fint på Grendehuset til det er heile 3 konfirmantar på 2 helger som skal feire den store dagen her😊 Så heldige me er som har eit fint lokale å låne til slikt. Skal du ha ei feiring i nermaste framtid? Ta kontakt, så kan du sjå om lokalet er egna😉

24/05/2020

Da er det tid for å rake og stelle litt ute ved grendehuset. Me samlast til dugnad onsdag 27.mai kl 17.00. ( om det er tidlig, så kom når du er klar) Det blir servert kake, saft og kaffe. Håpar dekkan har tid og lyst til å ta med rake og hagesaks, og hjelpe oss å stelle litt ute. Me treng litt hjelp inne også til reparering av nokon bord og lamper.

Gratulerer med dagen!
17/05/2020

Gratulerer med dagen!

Vil du støtte Nordbygdi Grendehus uten at det koster deg ei krone?? Velg Nordbygdi Grendehus til din grasrotmottaker! Al...
11/04/2020

Vil du støtte Nordbygdi Grendehus uten at det koster deg ei krone?? Velg Nordbygdi Grendehus til din grasrotmottaker! Alle bør ha ein grasrotmottaker. Det koster deg ingen ting, men Norsk tipping gir 7 % av din spillinnsats til din grasrotmottaker.

11/11/2019

Me manglar 2 store kvite, ovale porselensfat på grendehuset. Kan nokon ha lånt dessa med heim med mat på og gløymt å levere dei tilbake? Dei skal være merka under med klistrelappar med Nordbygdi Grendehus på. Send gjerne ein pm her om du har fatet/fata😊

Adresse

Nordbygdivegen 315
Seljord
3840

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordbygdi Grendehus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type