06/06/2025
𝗜𝘃𝗲𝗹𝗮𝗻𝗱𝘀𝘁𝗼𝗺𝘁𝗮 – 𝗹𝗼𝗸𝗮𝗹𝘁, 𝗴𝗷𝗲𝗻𝗻𝗼𝗺𝘁𝗲𝗻𝗸𝘁 𝗼𝗴 𝗳𝗼𝗿 𝗳𝗿𝗮𝗺𝘁𝗶𝗱𝗮
Me er i finalen – og det betyr mykje for oss! Me meldte oss på konkurransen fordi me trur at dei beste bustadane blir til når ein kjenner staden og folka som bur her.
Me er eit lokalt lag. Me bur her, jobbar her og driv lokale bedrifter i Etne og er engasjert i bygda – og i lag med Anders Stenberg frå Etne som driv Lusparken Arkitekter as vil me gjerne bidra til at Etne sentrum blir endå betre, for fleire og for framtida!
💚 Forslaget vårt bygger opp om 𝗳𝗲𝗹𝗹𝗲𝘀𝘀𝗸𝗮𝗽, og tilbyr menneske i ulik alder og livssituasjonar gode leilegheiter der dei kan bu tettare saman og dele meir.
🌳 Me har utvikla gode 𝘂𝘁𝗲𝗮𝗿𝗲𝗮𝗹 for både bebuarane og området rundt. Dette gir auka liv og aktivitet i sentrum!
👩🏼🤝👨🏽 Prosjektet vårt er 𝗳𝗹𝗲𝗸𝘀𝗶𝗯𝗲𝗹𝘁, og me ønsker dialog med aktuelle interessentar for å vidareutvikle prosjektet til å gi dei beste løysingane for potensielle bebuarar!
🏡 Teamet vårt har sterk 𝗹𝗼𝗸𝗮𝗹 𝘁𝗶𝗹𝗸𝗻𝘆𝘁𝗶𝗻𝗴, og me meiner det er ein stor fordel når ein skal utvikle dei beste bustadane. Me vil skape eit godt prosjekt for både dei som bur i bygget og dei som bur rundt!
💸 𝗞𝗼𝘀𝘁𝗻𝗮𝗱𝗲𝗿 er viktig. Me har utvikla eit rasjonelt bygg med låge vedlikehaldskostnader.
🤝🏼 Me har gode løysingar for 𝗳𝗶𝗻𝗮𝗻𝘀𝗶𝗲𝗿𝗶𝗻𝗴 for alle type kjøparar – frå førstegongskjøparar til dei som vil bu lettare og smartare. Me tilbyr bustader med moglegheit for 𝗛𝘂𝘀𝗯𝗮𝗻𝗸𝗳𝗶𝗻𝗮𝗻𝘀𝗶𝗲𝗿𝗶𝗻𝗴 og 𝗜𝗡-𝗼𝗿𝗱𝗻𝗶𝗻𝗴 gjennom burettslag – noko som gjer det enklare å eige bustad på eigne vilkår.
Me meiner vårt forslag vil vera veldig positivt for både bygda og bebuarane, og det seier noko om kva Etne kan få – og kva me meiner bygda vår fortener.
Hjelp oss å løfta fram det lokale forslaget – 𝗱𝗲𝗹 𝗴𝗷𝗲𝗿𝗻𝗲 𝘃𝗶𝗱𝗮𝗿𝗲!
Tungesvik Bygg - Audun Stene - Lusparken Arkitekter as