Luster Landbruk og Taksering As

Luster Landbruk og Taksering As Taksering av landbrukseigedomar. Verdivurdering av landbruksmaskiner og andre driftsmiddel. Skadetaksering og taksering av naturskader. Byggelånsoppflg.

Gardsbruk i full drift til salgs!Garden Slagstad (gnr 65 bnr 2) ligg ved Gloppefjorden ca. 4 km frå Sandane i Nordfjord,...
05/04/2024

Gardsbruk i full drift til salgs!

Garden Slagstad (gnr 65 bnr 2) ligg ved Gloppefjorden ca. 4 km frå Sandane i Nordfjord, Vestland Fylke. Gardsbruket inneheld våningshus (1991), kårhus (1900, men renovert utvendig og innvendig i seinare tid), verkstad (1965) og fjøs til storfehald/mjølkeproduksjon (2009). Det fulldyrka arealet er ca 65 daa. I tillegg er det noko skog og utmark, totalt 396 daa. Garden har eige stølshus og er deltakar i to ulike hjortevald med ein mindre andel i kvar. Mjølkekvoten på garden er på 224 698 liter.
Eigedomen har ca 300 m strandlinje fordelt på to teigar. Frå tunet er det flott utsikt over fjorden og områda rundt. Soltilhøva er gode.
Maskiner og buskap kan kjøpast med, i tillegg til den faste eigedomen.

Verditakst kr 11 500 000,-

Kontakt: Svein Arve Ruud
Mobil: 41528783
Mail: [email protected]

Gardsbruk til salgs!For kunde annonserer me garden «Haugen» i grenda Østerbø, Høyanger Kommune til salgs. Gardsnummer 10...
08/08/2022

Gardsbruk til salgs!

For kunde annonserer me garden «Haugen» i grenda Østerbø, Høyanger Kommune til salgs. Gardsnummer 108 bruksnummer 4 og 11.

Eigedomen ligg i Ikjefjord på Høyanger sørside ca 15 minuttar frå ferjesambandet Lavik-Oppedal. Reisetid til Åsane/Bergen ca 1,5 time.

Gardsbruket inneheld 65 daa fulldyrka jord, 19 daa innmarksbeite og ca 1200 daa med skog og utmark.

Eigedomen har 15,3 % eigardel i to fjellsameiger i Stordalen. Sameigene har aktiv drift og inntekter frå festeavgifter, beiteutleige, jaktutleige og sal av hyttetomtar.

Tilhøyrande garden er det 5 hjorteløyver kvart år. Garden har 43800 kWh frikraft og fallrettsleige utbetalt frå vasskraftutbygginga på staden.

Bygningsmassen innheld eit eldre bustadhus og driftsbygning til storfehald. I tillegg er det eldhus, sommarfjøs og naust.

Garden vil bli seld fri for odel. Elles gjeld driveplikt, buplikt og priskontroll ved sal til ny eigar.

Det føreligg verditakst på garden på kr 5 500 000,-

Interesserte kan kontakte underteikna på
Mail: [email protected] eller mobil 41 52 87 83.

God sommar! 😎☀️
11/07/2022

God sommar! 😎☀️

Skogteig – Marifjøra, LusterFor kunde har me for salg ein skogteig i Marifjøra, Luster Kommune. Skogteigen er på 170,9 d...
30/11/2021

Skogteig – Marifjøra, Luster

For kunde har me for salg ein skogteig i Marifjøra, Luster Kommune. Skogteigen er på 170,9 daa i følgje gardskart.nibio.no. Terrenget er bratt og hellar mot aust. Teigen begynnar omtrent på 85 m.o.h. og går opp til ca 530 m.o.h. Det er ikkje vegtilkomst og heller ikkje utbygd traktorveg inne i teigen. Det er ingen bygningar med i handelen.
Skogteigen er kategorisert med 168,4 daa produktiv skog i følgje kartgrunnlaget. Det er ikkje utarbeida skogbruksplan. I følgje flybilder og synfaring i delar av teigen inneheld arealet frurskog og lauvskog, samt fleire mindre plantefelt med gran. Granfelta er på om lag 25 daa tilsaman. Det er gjort ei enkel vurdering at granskogen er i hogstklasse 2 og 3. Heile teigen er LNF-område.

Bildene i annonsa er frå området, og inneheld også skog på naboeigedomane. Arealet er ikkje inngjort og det er heller ikkje kjend at det heftar gjerdeplikt.
Arealet er ein del av hjortevaldet i området. Det vert opplyst at valdet er delt i 3 jaktfelt. Eigedomen er del av Dalamarki jaktfelt som samla har 3 løyver. Ein må delta på jakt for å ha utbytte. Arealkravet for eitt løyve på staden er 375 daa. Ein ber ny eigar om å sette seg inn i korleis jaktordninga på staden fungerer.

Seljar er eit dødsbu og eigedomen vert seld som den er. I dag er skogteigen ein del av av ein landbrukseigedom med tun, bygningar og ei nausttomt. Eigedomen er i ein delingsprosess og det er KUN skogteigen som skal seljast.
Skogteigen vert seld som tilleggsareal til anna landbrukseigedom i området. Kjøpar må søke konsesjon hjå Luster Kommune.

Spørsmål kan rettast til Luster Landbruk og Taksering AS. Kontaktinfo:
[email protected] eller mobil 41 52 87 83.
Bod skal sendast skriftleg til e-postadresse over innan 19.12.2021. Seljar førebeheld seg retten til å avslutte bodrunden utan varsel og grunngjeving, samt å forkaste alle innkomne bod.
Skriv i e-posten eventuelt kor lenge bodet står og om du vil haldast informert om andre innkomne bod.

Veke 40 kort oppsummert: verdivurdering av hus og tomt, synfaring med NVE, vurdering av framtidig hyttefelt, rådgjeving ...
08/10/2021

Veke 40 kort oppsummert: verdivurdering av hus og tomt, synfaring med NVE, vurdering av framtidig hyttefelt, rådgjeving i samband med deling av eigedom, landbrukstakst og rapportskriving. Alt i hop saman med trivelege folk 🙂 God haustferie! 🍃🍁

😎
06/08/2021

😎

Frå 15. juli vert det ferie nokre veker. I 1. halvår har det vore oppdrag frå Bremanger i vest til Brumunddal i aust, me...
11/07/2021

Frå 15. juli vert det ferie nokre veker. I 1. halvår har det vore oppdrag frå Bremanger i vest til Brumunddal i aust, med mange spennande utfordringar. For spørsmål og tinging i sommar kan ein bruke mail: [email protected] 😎 God sommar!

God helg 😎
28/05/2021

God helg 😎

🙂
10/04/2021

🙂

06/04/2021

Den heldige vinnaren av Påskekonkurransen vart Kai-Idar Morken 🐣🙂 takk til alle som engasjerte seg.

Adresse

Haugen 28
Solvorn
6879

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Luster Landbruk og Taksering As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type