Bøahagen

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Bøahagen Bøahagen skal bygge ut 50 leilegheiter på ei av Stryn sine beste tomtar I BØAHAGEN skal det vere godt å bu.

Bilen vert parkert i parkeringskjellaren, og elles er det bilfritt. Frå parkeringskjellaren kjem ein til kvar etasje via heis eller innvendige trapper.

På taket av parkeringskjellaren ligg hjertet i BØAHAGEN og det som har gjeve prosjektet namn - den flotte hagen med gangvegar, plenar og møteplassar. Vi har eit sterkt ynskje om at bebuarane i BØAHAGEN skal finne seg godt til rette. Hagen skal vere universell og tilgjengeleg for alle uansett alder og livssituasjon. Dette skal vere ein plass der ein kan ta med kaffikoppen og møte sine gode naboar for ein prat i hyggelege omgjevnadar, med sittegrupper og leikeapparat for dei aller minste.

I det sørvestlige hjørnet av BØAHAGEN, med flott utsikt over sentrum og fjorden, ligg leikeplassen for dei litt større barna. Her vil det vere sandkassar, leikestativ og ein liten ballplass. Her kan barna leike i trygge omgjevnadar i eigen hage.

Adresse

Bøabakkane
Stryn
6783

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bøahagen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bøahagen:

Snarveier

Del