04/07/2026
💚 For ein fin dag! 💚
Tusen takk til alle som kom innom kunstkaféen vår i dag. De er med på å gje liv til dette vakre huset og hagen – og det betyr meir enn de kanskje anar 🌸
På biletet ser de to av gjestene frå Voss som tok turen innom i dag. Dei lét seg fascinera av historia om Kølle-familien og den imponerande livsreisa til Catharine Hermine Kølle.
Me gledar oss alt til neste laurdag! Då er Solgunn tilbake med den gode heimebaksten sin og ei endå meir freistande meny ☕🍰
Har du enno ikkje vore innom, håpar me du tek turen. Her finn du ro, kunst, historie og ei varm velkomst.
Velkomen neste laurdag! 🌸