Voss Hyttegrend

Voss Hyttegrend Voss Hyttegrend utviklar område i Bordalen-Skutle-Vikesåsen med unike hyttefelt tilknytt skianlegg, løyper og turområde, kun 15 minutter frå Voss Sentrum.

Voss Hyttegrend utviklar område i Bordalen-Skutle-Vikesåsen med unike hyttefelt tilknytt Voss Ski- og tursenter med sine flotte skianlegg, løyper og turområde. Eit frittliggande sentrumsnært eldorado som blir til eit brukar- og miljøvenleg fritidsområde. Voss Hyttegrend er aktiv frå plan til ferdig hytte. Me sel hyttetomter og skaffar kvalifiserte entrepenørar og handtverkarar, og leveransar av materialar og byggesett til oppsetjing av hytter. Spør oss om nøkkelferdig hytte viss det er ynskeleg.

13/04/2026

Sundag 12 april.
Status løyper.
Det har minka kraftigt på snjoen i helga. Så slik forholda er no ,avsluttar me køyring av løyper, då det berre aukar snøsmeltinga. Men det er framleis mogeleg gå på ski, så lenge det varer. Takkar for denne sesongen, og alle gode tilbakemeldingar. Så sjåast me att neste sesong😊

06/04/2026
04/04/2026
31/03/2026

Tysdag 31. Mars
Komt nysnjo i natt og. 5 cm på stadion og 10-15 cm i Herresåsen. Fekk køyrt Herresåsen med maskina vart flotte forhold😊😊Berre og komma seg ut og nyta det😁

28/03/2026

Laurdag 28 mars.
Komt 13 cm nysnjo og har køyrt 3 km i ljosløypa, flotte forhold.
Er meld me noko meira snjo ila helga så vurdera Herresåsen fortløpande. Ha ein fin dag😊

17/03/2026

Flotte tilhøve i Herresåsen i dag. Det er berre å koma seg ut

14/03/2026

Laurdag 14 mars.
Status løyper.
Det er komt ca 10 cm våt snjo siste døger. Ljosløype er køyrt og det er fine forhold. Resten av løypene er desverre ikkje råd og køyra då mykje av sålen forsvant med regnet som har vore i veka

Voss ski og tursenter i kveld med nysno og preparerte løyper❄️⛷️
18/02/2026

Voss ski og tursenter i kveld med nysno og preparerte løyper❄️⛷️

13/02/2026

På Voss jobber vi med å legge til rette for at flere kan dra til Voss med kollektiv transport og komme seg rundt på Voss med kollektiv transport. Planlegg din reise til Voss med tog eller buss. Se vintertilbud som knytter sammen Voss, skianleggene og Myrkdalen for en enklere reise.

25/10/2025

Det gamle årskortet ditt går ut 31.10.25, nytt kort gjeld frå 1.nov 25. Me minner om rabatt på kr 300 fram til 1.12.25 på parkeringskort til alle glade turgåarar og langrennsløparar.

I tillegg til kampanjeprisen får alle betalande medlemer av eigarlaga rabatt, det same gjer tilsette hjå hovudsponsorane.

Les meir og bestill ved å bruka denne lenka https://www.letsreg.com/no/event/vegogparkeringsavgift20252026

Ha klart kredittkort og bilnummer, eventuelt VIPPS.

Eventuell bil nr 2 må ha same eigar eller adresse som bil nr 1.

For dei som har hytte i Voss Hyttegrend eller i Åsen ber me om dykkar hytteadresse.

Sesongen i fjor vart kort. Dette er me lei oss for, men styrer ikkje dette sjølve. Likevel har vi i år jobba hardt for å utvida snøproduksjonen vår. Me vil også i år legga til rette for mange gode skiopplevingar og at våre kundar også kan få tilbod på godt skiutstyr og rettleiing.

Me gler oss til å sjå deg i Voss ski- og tursenter i år óg.

Adresse

Vikeshovden 69
Vossevangen
5709

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Hyttegrend legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Voss Hyttegrend:

Del

Type