11/10/2026
MELINGSDAGANE 2026🍄
Med denne flotte doble regnbuen kunne me avslutta Melingsdagane på samme måte som den starta; nemlig med ein heilt nydelig dobbel regnbue🌈🥹
Me er heilt overvelda over kor bra denne helga blei! Det har vært mykje folk på kaien vår både i går og i dag, og idag kunne me avslutta helga med skikkelig liv på kaien og musikk fra «Melingskrinsen»🎶👏🏻
Me har solgt kaffi å kaka i mengder inne i lokalet, folk har handla på dei flotte standane som stilte ut og ute fekk Thai-maten kjørt seg🙏🏻 Me er veldig takknemlig for alle som har vært med på å gjera helga så bra den blei! Både alle dei som tok turen til oss og alle dei flotte selgarane som sto med produkta sine🫶🏻